Leggvarmerane er strikka i Smart-garn frå Sandnes, p 3,5 mm, 4 nøster.
Eg la opp 60 masker, strikka 2x2 ribb til første garnnøstet var brukt opp. I det eg byrja på nøste nr 2, aukte eg med ei maske i kvar tredje rett-par, til det heile vegen rundt var 3 rette, 2 vrange. Eg aukte med å ta opp tverrtråden mellom dei to rett-maskene og strikka den vrangt.
Så strikka eg til eg var nesten tom for garn - men ikkje heilt. På nest siste omgang aukte eg i kvar vrangmaske med å strikka vrang i både framre og bakre "tråd" av maska. Då blir det ein slags bølgje-kant. Så felte eg av i mønster.
Leggvarmerane når no heilt opp til knea - og over, om eg vil. Her er den strame enden nede ved foten, medan den større enden er ved kneet.
Hmm... Eg burde visst ha fiksa på neglelakken før eg tok desse bileta...
Her ser ein tydeleg bølgjekanten på leggvarmerane.
Og her er leggvarmerane andre vegen; med oppleggskanten midt på leggen og bølgjekanten nedst. Den håpar eg skal vera fin over sko...
Mønster finn du her.
Mønster finn du her.
I knitted a pair of ribbed leg warmers in a wool yarn. 4 balls of yarn, 3,5 mm needles. 60 stitches cast on in 2x2 rib. After finishing 1 ball of yarn, added another stitch between all the pairs of knitted stitches over 3 rounds. Continued in 3x2 rib until end of ball 2. Purled 2 stitches in every purl stitch for one round, then cast off in pattern. Can be worn both ways!
Click here for pattern.
Click here for pattern.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar