Dilla...

...på babyklutar.
Det er så nydelege duse pastellfargar på Paris, eit tjukt bomullsgarn frå Drops Garnstudio.
Så eg kjøpte ein ladning garn i babyfargar, og starta prosjektet. Å, så kjekke dei er å laga!

Mønster: Baby Cloth
Garn: Nokså nøyaktig 50 g Paris frå Garnstudio (100% kjemmet bomull)
Pinnar: 4 mm

Mønster: Burp Baby Cloth
Garn: 50 g Paris frå Garnstudio (100% kjemmet bomull)
Pinnar: 4mm

Begge mønster er laga av Shirley Ann Thompson

Lilla bamse


Originaloppskrifta er henta frå boka "Bamser i mange varianter". Eg strikka fleire slike bamsar for nokre år tilbake, og har laga denne bamsen etter hukommelsen. Bamsen manglar ikkje auge nei, den skal ikkje ha det faktisk! For då er det ingen "løse deler som barn kan sette i halsen". Lurt?

Garn/pinnar: ca 65 g Merino Extra Fine frå Drops på pinne 4 mm.
Mønster: "Enkel bamse" frå boka "Bamser i mange varianter".

Babysett


Onsdag føremiddag la eg opp maskene til genseren, og søndag ettermiddag hadde eg festa alle trådane på heile settet. Då var eg stolt av meg sjølv då! Medan eg strikka på dette settet tok eg ikkje opp nokon andre handarbeid... Wow... Tenk at det går an å vera så effektiv då...

Pinnar/garn: 50g (+5 meter) grønn og ca 40g gul Viking BabyUll på pinnar i 3mm
Mønster: genser - Latte Baby Sweater; luve - Turn-A-Square (80 masker); sokkar - spiralsokkar
Tid: nokre dagar...

Sokkane klarte eg ikkje å få slik eg ville før på tredje forsøket då. Slik dei er no la eg opp 40 masker til brotet, og strikka seks omgangar med tre rette og to vrange. Så skifta eg til gult garn og strikka to saman på kvar av "tre-arane", og fortsette med 2x2 i tre omgangar før "vridninga". Når sokkane var om lag 14 cm gjekk eg over til glattstrikk, og felte jamt omlag 10 masker på annankvar pinne tre gonger (trur eg) og trakk tråden gjennom dei siste maskene. Det fine med spiralsokkane i så små storleikar er at ein slepp å knota med ein bitteliten hæl.

Eg er nokså nøgd med resultatet! Sjølv om settet eigentleg skulle ha vore litt større... Men litt kan det vel brukast i sommar, Synnøve? Eg har forresten ingen knappar til genseren endå, det kjem etterkvart.
Posted by Picasa

Aprilpannebandet


Månadens panneband i Pannebandalongen er frå Drops Design og vert kalla "et fargesprakende sommerdiadem verdig en prinsesse!" For ein gongs skuld har eg nytta både pinnestorleik og garn som i oppskrifta. Det vart stort, men behageleg å ha på. Det kan me lika.

Garn/pinnar: 35/40 g lilla Fabel på pinne 3 mm
Mønster: Drops panneband i Fabel
Tid: 2/2,5 timar
Posted by Picasa

Alfred! Mr. Fox! <3

Ein Simpsons-episode og ein film (Batman Begins) seinare:

Eg hadde med meg to påbegynte nøster av PT Sumatra, og strikkepinne i 4 mm. Eg starta med calorimetryen, og fann på eit nytt mønster etterpå og hadde god tid til å gjera begge ferdige.

Eitt-prosjekt-teorien

Eg prøver hardt å ha kun eit prosjekt om gongen.

Nei, det stemmer ikkje heilt, eg har jo mange halvferdige og uferdige prosjekt som ligg og ventar i korga, men no held eg på med eitt av dei, og skal gjera det ferdig før eg tek fram nokon av dei andre halvferdige greiene.

I helga kjøpte eg garn til ein Latte Baby Sweater, men dette garnet må altså liggje på vent. Igår kom Mia med 4 nøster Ida strømpegarn som eg har lova å strikka ei luve for henne av. Det må og venta.

Klart at eg har mykje meir lyst til å laga alle andre ting!

plutseleg hadde eg tova calorimetryen min...

Men sånn eigentleg så gjorde ikkje det så mykje. Den var nemleg altfor stor og holete før. Så lang var den, at eg måtte knyta den i nakken! No har eg festa på ei trekule i eine enden, og den passar perfekt, er god og varm, til og med klarar den å halda på plass dei knottane eg puttar i øyrene når eg skal høyra radio frå mobilen min.

Gemma Beret er ferdig!
Garn/pinnar: om lag 55 g Silja frå SparKjøp (80% Superwash Ull, 20% nylon); brukte pinne 3,5
Mønster: Gemma Beret
Tid: (om ein reknar utanom dei 2 fyrste forsøka) ca 3 timar

Eg strikkar rundt i staden for fram og tilbake, og kutta ein mønsterrapport på denne luva, dvs eg la opp 124 masker og aukte med to masker i løpet av fyrste mønsteromgang. Eg strikkar vrangborda i 2x2 i staden for 1x1 som oppskrifta seier. Denne luva vart anten ei baggy barneluve eller ei "normal" vaksenluve.

Eit Bamboozled-panneband som har ligge lenge i ein pose har no fått seg knappar og er klar til bruk.
Eller til endå meir tid i ein pose... Kven veit. Pannebandet er strikka i BabySilk frå DSA (80% babyalpakka, 20% silke)

Førre fredag bestemte eg meg for å laga mars-pannebandet frå pannebandalongen. Men så fekk eg det ikkje til på dei to fyrste forsøka... så då gjekk eg til noko eg veit eg kan: Calorimetry

Garn/pinnar: 25g SilkTweed frå Drops, pinnar 2,5 eller 3... sånn ca.
Mønster: Calorimetry, 100 masker
Tid: ca 2 timar

Men så på laurdag prøvde eg om att att. Og sjølv om ikkje alt gjekk heilt slik det skulle kan ein i allefall skimta noko som kan minna om ugler her...

Garn/pinnar: 20g SilkeTweed frå Drops på pinne 2,5mm
Mønster: Owl-orimetry
Tid: om lag 2 timar

Ein sommar for langt og lenge sidan starta eg på ei babyjakke i BabySilk. No er den ferdig - alle trådar er festa tilogmed! Den skulle kanskje ikkje vore fullt så fargerik, men det var litt søtt og...

Garn/pinnar: ca 110g BabySilk frå DSA (80% babyalpakka, 20% silke) på 2,5 mm
Mønster: Helena
Tid: år og dag

Garn/pinnar: 60g babyull frå idena på pinne 2,5 mm
Mønster: Little Sister's Dress (minste storleiken)
Tid: 4-5 timar kanskje

Sidan eg ikkje hadde nok garn til nedste kanten og idena-garn ikkje var å oppdriva i Oslo (meg bekjent), så vart kanten grøn. Skulle gjerne hatt ein annan fargetone, men det var det eg hadde av rester i same garntypen... No skal kjolen i storleik dokke ta turen til Aline i Stavanger for å høyra om ho kan leika med den.

Desse tre hønene er nesten klare til toving. Eg må berre strikka bunnen på dei og festa føtene. Utruleg så raske dei er å strikka! Etter at mamma, mormor og farmor fekk kvar si høne til morsdagen ba mamma meg om å laga fleire. Javel. Enkelt!

Her sit dei på rekkje og rad, hyllehønene som mamma, mormor og farmor fekk til morsdagen 2009. Herlege? Mønsteret er frå Sandnes tema 11 Toving.

Dette innlegget er eit slikt som har potensiale i å læra meg å blogga litt oftare.

Gemma Beret

Ja. Den Gemma Beret-en eg nevnte som eg kanskje skulle rekkja opp att, den bestemte eg meg for å starta på på ny, frå andre enden av garnet då eg hadde besøk av Lise og Maren, og med mindre pinnestorleik denne gongen. Som sagt så gjort. Men så kom eg litt for alt for langt før eg kom på at eg skulle jo auka ein eller annan stad inni der. Så tenkte eg at eg kunne jo sjekka korleis den vart uten auking? Men då eg var komen over halvvegs fann eg ut at det gadd eg jo ikkje, for eg ville jo gjera det ordentleg. Så starta eg frå fyrste enden att. No ser det slik ut:Midtstill
I morgon fyller Signe år. Før jul då ho var innom i Oslo ein tur såg ho på Lake Park Hat som eg laga ifjor, sånn om lag på denne tida, men me fann ut at det ikkje var fargane for henne, så luva tok vegen til =Oslo (to gonger har eg sett ein mann med akkurat den luva og eit knalloransje skjerf i Oslo!). No har eg då strikka ei ny Lake Park Hat til Signe,

Garn/pinnar 35 g Silja frå SparKjøp (80% Superwash Ull, 20% Nylon) 4,0 mm,
Mønster: Lake Park Hat
Tid: 5-6 timar

og eg har laga eit kort.



I denne versjonen av Lake Park Hat oppdaga eg ei linje til med mønster for kanten, så denne luva har fått ein liten ribb etter rullekanten som den brune luva ikkje fekk. Og etter om lag 3 rapportar skjønte eg at eg ikkje skulle strikka vrangt den omgangen der eg tek inn den andre fargen. Det er berre på att-og-fram-versjonen det, men eg strikkar rundt-i-ring i staden. Så neste Lake Park Hat blir endå litt ulik.

Hemmeleg ven 3


Tredje omgang av Hemmeleg Ven er altså til ende, og her er herligheten som ramla ned i postkassa mi igår. Det lukta så godt av teen med ein gong eg opna posen! Så var det to nøster med Sandnes Chili der og, lurar på kva for noko spanande eg skal laga av det... Ein pakke med scrappe-blomar i lilla og grønt, fire fine knappar, samt fire maskemarkørar og ei lita koseleg hjartesåpe!

Tusen takk til min hemmelege ven! No startar etterforskinga....

Februarpannebandet




Garn/pinnar: om lag 35 g Chiri Alpakka på pinne 3,5 mm kanskje.
Mønster: Hilda headband
Tid: 4 timar, give or take

Sjal, armband, ring





Her ein dag laga eg eit enkelt trekantsjal av eit restenøste eg hadde liggande. Så var det endå litt meir rester, og det vart eit armband. Matchings!

Så fann eg fram nokre restar av BabySilk og, og lagde endå eit armband, og ein ring.

(pause)

Eg snakka med Margot på Skype igår. Ho foreslo at eg skulle ha kun to handarbeidsprosjekt om gongen. Ein liten augneblink tenkte eg at kanskje det var ein lur idè... Men så lo eg, klatra opp i skåpet mitt og fann fram garn til februarpannebandet.

No skal du få sjå alle prosjekta eg har på pinnar og nåler i skrivande stund:
Babyjakke i BabySilk frå DSA. Den ventar på at eg skal feste den fine brettekanten nede for så å strikke ein rillekant.

Ole Brumm-broderiet tek eg fram ein gong annankvart år.
Hekla klut som eg byrja på ein gong i haust. Den ventar på at eg skal finna fram ein siste farge til å ha på toppen.

Enkle tøfler som eg byrja på ein gong i november. Har berre tåa att på tøffel nr to, så det skulle jo ikkje ta så lang tid... Ikkje er det så mange trådar som må festast heller.
Gemma Beret ventar på litt meir garn. Men eg trur kanskje den er litt stor så det er mogleg eg berre rekkjer den opp att og då er det kanskje nok garn likevel... Kven veit?
Little Sister's Dress skal ha nokre omgangar til nede. Eg hadde ikkje nok garn (vent...det har skjedd før...?) så eg felte av då garnet tok slutt. Det var dumt for då rulla kanten seg opp og eg fekk ikkje hekla på den fastmaskekanten med knappehol som skal vera i halsen. Men så finn eg ikkje Bambino Ull nokon stad i Oslo... Så eg må nok ha ein kant i ein annan farge nederst. Kjolen er forresten i dukkestorleik. Eg trur kanskje Aline skal få den til ei dukke, for ho er så glad i lilla!
Og så er det dette sjalet som ventar på at eg skal bestemma meg for fargeval...
Eg fekk såvidt starta på februarpannebandet i går kveld, i Chiri Alpakka. Oppskrifta sa to nøster Silke Alpakka frå Drops, men eg hadde berre eit restenøste, og løpelengda på dette garnet er nesten dobbelt så langt som på SilkeAlpakka. Så då går det kanskje greitt med det eine nøstet eg har?
Eg er komen til hælen på begge Sequoia-sokkane.
Og her er starten på eit bestemorsrute-pledd/poncho. Dette byrja eg på i Australia, i Melbourne faktisk. Den brune fargen heiter Chocolate. Ü

er det store spørsmålet: Er eg den einaste her i verda som held på med så mange prosjekt samstundes? Det trur ikkje eg. Eg trur det er Margot som er unntaket.

Og no har eg jo ikkje nemnt eit par sokkar, ein calorimetry, ei barneluve, eit sjal og eit par pulsvarmerar som ligg i "ferdig-posen" og ventar på at eg skal festa dei siste trådane.

og her er noko av det eg hadde gløymt å ta bilete av til forrige innlegg

Her er byrjinga på Seqouia-sokkane frå Six-Socks-Along.


Januarpannebandet frå Pannebåndalongen:

Garn/pinnar: ca 40 g Gullgarn frå SparKjøp (50%superwash ull/50% akryl); 5,5mm
Mønster: Pannebåndalong 2009, Januar
Tid: om lag ein time

Den tidlegare omtalte blåkopien av luva som Lise fekk til jul:
Lise sin versjon er i svart og har alt ei luve treng, ifølgje ho sjolv. Om nokon skulle vera interessert i oppskrift, ta kontakt.
Garn/pinnar: ca 60 g PT Sumatra (100% maco-bomull), 4,5 og 5 mm
Mønster: fletteluve #2 (eige mønster)
Tid: 3-4 timar

Slik ser firkanttøflane ut etter toving:
og her ser du storleiksforskjellen mellom to par tøflar før og etter toving:
Det andre paret er i maskinen i skrivande stund.

Og så treng eg litt innspel. Sjalet i førre post er no litt større enn sist, og eg er ferdig med eit nøste rosa/kvit. Så er saka den, at eg har eit nøste liggande med same farge, og eit i blå/kvit. Så lurar eg på om eg skal ha eit tofarga sjal eller einsfarga? Eg kan jo bruka det blå inni der og så attende til rosa etterpå og... Ver venleg og sei di meining!

i løpet av veka

t-banen tur/retur oslo i ettermiddag. enkelt og greit luftmasker som festast med fastmasker. Viking Sportsragg, heklenål 3,5 mm
det skal bli større. :)

ny mote?



eitpar firkanttøfler før toving
garn/pinne: sparkjøp, 4mm
oppskrift: firkanttøfler (20 masker i denne versjonen)