Babysett


Onsdag føremiddag la eg opp maskene til genseren, og søndag ettermiddag hadde eg festa alle trådane på heile settet. Då var eg stolt av meg sjølv då! Medan eg strikka på dette settet tok eg ikkje opp nokon andre handarbeid... Wow... Tenk at det går an å vera så effektiv då...

Pinnar/garn: 50g (+5 meter) grønn og ca 40g gul Viking BabyUll på pinnar i 3mm
Mønster: genser - Latte Baby Sweater; luve - Turn-A-Square (80 masker); sokkar - spiralsokkar
Tid: nokre dagar...

Sokkane klarte eg ikkje å få slik eg ville før på tredje forsøket då. Slik dei er no la eg opp 40 masker til brotet, og strikka seks omgangar med tre rette og to vrange. Så skifta eg til gult garn og strikka to saman på kvar av "tre-arane", og fortsette med 2x2 i tre omgangar før "vridninga". Når sokkane var om lag 14 cm gjekk eg over til glattstrikk, og felte jamt omlag 10 masker på annankvar pinne tre gonger (trur eg) og trakk tråden gjennom dei siste maskene. Det fine med spiralsokkane i så små storleikar er at ein slepp å knota med ein bitteliten hæl.

Eg er nokså nøgd med resultatet! Sjølv om settet eigentleg skulle ha vore litt større... Men litt kan det vel brukast i sommar, Synnøve? Eg har forresten ingen knappar til genseren endå, det kjem etterkvart.
Posted by Picasa