FO: Calorimetry

"Du? Kor lang tid tar det å laga eit sånt panneband?"
"Eg kan sikkert klara å laga eit i løpet av helga..."
"Okei. Kan me gå innom ein garnbutikk i morgon?"

Inn på Strikkedilla på Oslo City, gammalrosa Sandnes Alpakka, dobbelt garn på pinne ca 4 som eg fann i strikkekorga til ei av jentene ho bur med, Landhandlaren i Provence, fin firkanta knapp, og vips hadde ho nytt panneband!

"How long does it take to make a headband?" she asked.
It took me a movie.

WIP: Pingu

Då eg ankom Spania arva eg litt garn. Slikt er kjekt! Men smart-garn i svart, kvitt og raudt - kva lagar ein av det?
Ein pingvin, såklart!
Ser det ikkje ut som ein pingvin, seier du? Eg klarte ikkje å lesa oppskrifta heilt, så det er ikkje så rart. Men eg skal nok klara å juksa det til! Dei to svarte flekkane skal vera auge. Det kvite skal vera magen. Knappane er eit øyreanheng; for anledningen maskemarkør. :)