Gemma Beret

Ja. Den Gemma Beret-en eg nevnte som eg kanskje skulle rekkja opp att, den bestemte eg meg for å starta på på ny, frå andre enden av garnet då eg hadde besøk av Lise og Maren, og med mindre pinnestorleik denne gongen. Som sagt så gjort. Men så kom eg litt for alt for langt før eg kom på at eg skulle jo auka ein eller annan stad inni der. Så tenkte eg at eg kunne jo sjekka korleis den vart uten auking? Men då eg var komen over halvvegs fann eg ut at det gadd eg jo ikkje, for eg ville jo gjera det ordentleg. Så starta eg frå fyrste enden att. No ser det slik ut:Midtstill
I morgon fyller Signe år. Før jul då ho var innom i Oslo ein tur såg ho på Lake Park Hat som eg laga ifjor, sånn om lag på denne tida, men me fann ut at det ikkje var fargane for henne, så luva tok vegen til =Oslo (to gonger har eg sett ein mann med akkurat den luva og eit knalloransje skjerf i Oslo!). No har eg då strikka ei ny Lake Park Hat til Signe,

Garn/pinnar 35 g Silja frå SparKjøp (80% Superwash Ull, 20% Nylon) 4,0 mm,
Mønster: Lake Park Hat
Tid: 5-6 timar

og eg har laga eit kort.



I denne versjonen av Lake Park Hat oppdaga eg ei linje til med mønster for kanten, så denne luva har fått ein liten ribb etter rullekanten som den brune luva ikkje fekk. Og etter om lag 3 rapportar skjønte eg at eg ikkje skulle strikka vrangt den omgangen der eg tek inn den andre fargen. Det er berre på att-og-fram-versjonen det, men eg strikkar rundt-i-ring i staden. Så neste Lake Park Hat blir endå litt ulik.

Hemmeleg ven 3


Tredje omgang av Hemmeleg Ven er altså til ende, og her er herligheten som ramla ned i postkassa mi igår. Det lukta så godt av teen med ein gong eg opna posen! Så var det to nøster med Sandnes Chili der og, lurar på kva for noko spanande eg skal laga av det... Ein pakke med scrappe-blomar i lilla og grønt, fire fine knappar, samt fire maskemarkørar og ei lita koseleg hjartesåpe!

Tusen takk til min hemmelege ven! No startar etterforskinga....

Februarpannebandet




Garn/pinnar: om lag 35 g Chiri Alpakka på pinne 3,5 mm kanskje.
Mønster: Hilda headband
Tid: 4 timar, give or take

Sjal, armband, ring





Her ein dag laga eg eit enkelt trekantsjal av eit restenøste eg hadde liggande. Så var det endå litt meir rester, og det vart eit armband. Matchings!

Så fann eg fram nokre restar av BabySilk og, og lagde endå eit armband, og ein ring.

(pause)

Eg snakka med Margot på Skype igår. Ho foreslo at eg skulle ha kun to handarbeidsprosjekt om gongen. Ein liten augneblink tenkte eg at kanskje det var ein lur idè... Men så lo eg, klatra opp i skåpet mitt og fann fram garn til februarpannebandet.

No skal du få sjå alle prosjekta eg har på pinnar og nåler i skrivande stund:
Babyjakke i BabySilk frå DSA. Den ventar på at eg skal feste den fine brettekanten nede for så å strikke ein rillekant.

Ole Brumm-broderiet tek eg fram ein gong annankvart år.
Hekla klut som eg byrja på ein gong i haust. Den ventar på at eg skal finna fram ein siste farge til å ha på toppen.

Enkle tøfler som eg byrja på ein gong i november. Har berre tåa att på tøffel nr to, så det skulle jo ikkje ta så lang tid... Ikkje er det så mange trådar som må festast heller.
Gemma Beret ventar på litt meir garn. Men eg trur kanskje den er litt stor så det er mogleg eg berre rekkjer den opp att og då er det kanskje nok garn likevel... Kven veit?
Little Sister's Dress skal ha nokre omgangar til nede. Eg hadde ikkje nok garn (vent...det har skjedd før...?) så eg felte av då garnet tok slutt. Det var dumt for då rulla kanten seg opp og eg fekk ikkje hekla på den fastmaskekanten med knappehol som skal vera i halsen. Men så finn eg ikkje Bambino Ull nokon stad i Oslo... Så eg må nok ha ein kant i ein annan farge nederst. Kjolen er forresten i dukkestorleik. Eg trur kanskje Aline skal få den til ei dukke, for ho er så glad i lilla!
Og så er det dette sjalet som ventar på at eg skal bestemma meg for fargeval...
Eg fekk såvidt starta på februarpannebandet i går kveld, i Chiri Alpakka. Oppskrifta sa to nøster Silke Alpakka frå Drops, men eg hadde berre eit restenøste, og løpelengda på dette garnet er nesten dobbelt så langt som på SilkeAlpakka. Så då går det kanskje greitt med det eine nøstet eg har?
Eg er komen til hælen på begge Sequoia-sokkane.
Og her er starten på eit bestemorsrute-pledd/poncho. Dette byrja eg på i Australia, i Melbourne faktisk. Den brune fargen heiter Chocolate. Ü

er det store spørsmålet: Er eg den einaste her i verda som held på med så mange prosjekt samstundes? Det trur ikkje eg. Eg trur det er Margot som er unntaket.

Og no har eg jo ikkje nemnt eit par sokkar, ein calorimetry, ei barneluve, eit sjal og eit par pulsvarmerar som ligg i "ferdig-posen" og ventar på at eg skal festa dei siste trådane.

og her er noko av det eg hadde gløymt å ta bilete av til forrige innlegg

Her er byrjinga på Seqouia-sokkane frå Six-Socks-Along.


Januarpannebandet frå Pannebåndalongen:

Garn/pinnar: ca 40 g Gullgarn frå SparKjøp (50%superwash ull/50% akryl); 5,5mm
Mønster: Pannebåndalong 2009, Januar
Tid: om lag ein time

Den tidlegare omtalte blåkopien av luva som Lise fekk til jul:
Lise sin versjon er i svart og har alt ei luve treng, ifølgje ho sjolv. Om nokon skulle vera interessert i oppskrift, ta kontakt.
Garn/pinnar: ca 60 g PT Sumatra (100% maco-bomull), 4,5 og 5 mm
Mønster: fletteluve #2 (eige mønster)
Tid: 3-4 timar

Slik ser firkanttøflane ut etter toving:
og her ser du storleiksforskjellen mellom to par tøflar før og etter toving:
Det andre paret er i maskinen i skrivande stund.

Og så treng eg litt innspel. Sjalet i førre post er no litt større enn sist, og eg er ferdig med eit nøste rosa/kvit. Så er saka den, at eg har eit nøste liggande med same farge, og eit i blå/kvit. Så lurar eg på om eg skal ha eit tofarga sjal eller einsfarga? Eg kan jo bruka det blå inni der og så attende til rosa etterpå og... Ver venleg og sei di meining!