Alfred! Mr. Fox! <3

Ein Simpsons-episode og ein film (Batman Begins) seinare:

Eg hadde med meg to påbegynte nøster av PT Sumatra, og strikkepinne i 4 mm. Eg starta med calorimetryen, og fann på eit nytt mønster etterpå og hadde god tid til å gjera begge ferdige.

Eitt-prosjekt-teorien

Eg prøver hardt å ha kun eit prosjekt om gongen.

Nei, det stemmer ikkje heilt, eg har jo mange halvferdige og uferdige prosjekt som ligg og ventar i korga, men no held eg på med eitt av dei, og skal gjera det ferdig før eg tek fram nokon av dei andre halvferdige greiene.

I helga kjøpte eg garn til ein Latte Baby Sweater, men dette garnet må altså liggje på vent. Igår kom Mia med 4 nøster Ida strømpegarn som eg har lova å strikka ei luve for henne av. Det må og venta.

Klart at eg har mykje meir lyst til å laga alle andre ting!

plutseleg hadde eg tova calorimetryen min...

Men sånn eigentleg så gjorde ikkje det så mykje. Den var nemleg altfor stor og holete før. Så lang var den, at eg måtte knyta den i nakken! No har eg festa på ei trekule i eine enden, og den passar perfekt, er god og varm, til og med klarar den å halda på plass dei knottane eg puttar i øyrene når eg skal høyra radio frå mobilen min.

Gemma Beret er ferdig!
Garn/pinnar: om lag 55 g Silja frå SparKjøp (80% Superwash Ull, 20% nylon); brukte pinne 3,5
Mønster: Gemma Beret
Tid: (om ein reknar utanom dei 2 fyrste forsøka) ca 3 timar

Eg strikkar rundt i staden for fram og tilbake, og kutta ein mønsterrapport på denne luva, dvs eg la opp 124 masker og aukte med to masker i løpet av fyrste mønsteromgang. Eg strikkar vrangborda i 2x2 i staden for 1x1 som oppskrifta seier. Denne luva vart anten ei baggy barneluve eller ei "normal" vaksenluve.

Eit Bamboozled-panneband som har ligge lenge i ein pose har no fått seg knappar og er klar til bruk.
Eller til endå meir tid i ein pose... Kven veit. Pannebandet er strikka i BabySilk frå DSA (80% babyalpakka, 20% silke)

Førre fredag bestemte eg meg for å laga mars-pannebandet frå pannebandalongen. Men så fekk eg det ikkje til på dei to fyrste forsøka... så då gjekk eg til noko eg veit eg kan: Calorimetry

Garn/pinnar: 25g SilkTweed frå Drops, pinnar 2,5 eller 3... sånn ca.
Mønster: Calorimetry, 100 masker
Tid: ca 2 timar

Men så på laurdag prøvde eg om att att. Og sjølv om ikkje alt gjekk heilt slik det skulle kan ein i allefall skimta noko som kan minna om ugler her...

Garn/pinnar: 20g SilkeTweed frå Drops på pinne 2,5mm
Mønster: Owl-orimetry
Tid: om lag 2 timar

Ein sommar for langt og lenge sidan starta eg på ei babyjakke i BabySilk. No er den ferdig - alle trådar er festa tilogmed! Den skulle kanskje ikkje vore fullt så fargerik, men det var litt søtt og...

Garn/pinnar: ca 110g BabySilk frå DSA (80% babyalpakka, 20% silke) på 2,5 mm
Mønster: Helena
Tid: år og dag

Garn/pinnar: 60g babyull frå idena på pinne 2,5 mm
Mønster: Little Sister's Dress (minste storleiken)
Tid: 4-5 timar kanskje

Sidan eg ikkje hadde nok garn til nedste kanten og idena-garn ikkje var å oppdriva i Oslo (meg bekjent), så vart kanten grøn. Skulle gjerne hatt ein annan fargetone, men det var det eg hadde av rester i same garntypen... No skal kjolen i storleik dokke ta turen til Aline i Stavanger for å høyra om ho kan leika med den.

Desse tre hønene er nesten klare til toving. Eg må berre strikka bunnen på dei og festa føtene. Utruleg så raske dei er å strikka! Etter at mamma, mormor og farmor fekk kvar si høne til morsdagen ba mamma meg om å laga fleire. Javel. Enkelt!

Her sit dei på rekkje og rad, hyllehønene som mamma, mormor og farmor fekk til morsdagen 2009. Herlege? Mønsteret er frå Sandnes tema 11 Toving.

Dette innlegget er eit slikt som har potensiale i å læra meg å blogga litt oftare.