Då eg fann ut at det var ein (norsk) garnbutikk i Torrevieja, kor eg skal tilbringa det neste året, vart eg glad. Og letta. ;) Kari, som var eittåring i fjor og i forfjor, tok meg med ein tur til Evas garn og mote før ho reiste attende til Noreg. Då kjøpte eg eit nøste Regia-garn og eit oppskriftshefte for sokkar. Dei seier det blir golvkaldt her på vinteren, så det er jo berre å starta på eit lager med strikka fotplagg umiddelbart. (Sjølv om temperaturen kun ein gong har vore under 20 grader etter at eg kom, og det var den dagen det regna som verst...)
Fredag tok eg med Cathrine, som er gift med kapellanen og styrer med verdsveven for oss, til garnforretninga (ho hadde vore der før altså) for å kjøpa silkeband til tøflane. Då fann eg i tillegg gule hjarteknappar som eg tykte passa godt til.
Eg vart rett nøgd! :D Likevel trur eg at eg vil vurdera strikk i holrada til neste versjon (som garantert kjem i løpet av hausten!) for silkebandet vert for stramt når ein skal tre tøflane på, eller sløyfa glir opp.
Tøflane vog litt under 30 g, så det var med andre ord ein del att av nystet mitt. Eg spedde på med eit nyste rosa lanett og sette i gong med to djevelluver. Cathrine strikkar nemleg og til Amandaprosjektet, så då vart eg inspirert til å nytta restane der. :)
Den styrste luva er i minste storleiken frå originaloppskrifta (121 masker), og skal etter sigande passa ein 6 mnd gamal baby. Eg nyttar tynnare garn og pinnar, så satsar på at dette skal vera om lag nyfødt til 3 mnd. Til den vesle luva la eg opp 73 masker og den er knøttliten, men passar truleg ein veldig prematur baby.
Den store luva skal få knyteband og, men eg har ikkje bestemt meg endå om dei skal vera rosa eller melerte...
I was happy to discover that my new city has got a (Norwegian) yarn store! First time I went there, I bought a ball of Regia yarn and a pattern booklet, and quickly cast on for these cute slippers. People tell me that winter in Spain is cold and I will need knitted socks and slippers. Better get started immediately then... ;) The slippers were finished within a short period of time, and I went back to the store with a friend, who is knitting for the Amanda-project. I got the silk band and buttons for the slippers, and a pink ball of Lanett yarn for making the devil hats for the Amanda-project. The largest one is probably 0-3 months, while the small one is just...really small.
Juleønsker
for 2 timer siden
4 kommentarer:
Dei lubbene såg rektigt så gode ut, og luene kjem nok vel med for eit lite hovude.
Høyres bra ut, tykkjer eg, at det kun har vore ein dag med grader under 20talet.
Gler meg til turen.
Knip frå mamma
Såååå snåle lubber:)
Jeg likte tøflene! Hvor har du funnet mønster? Ha en flott uke!
Så morsomme tøfler :)
Kanskje jeg må kikke gjennom lageret snart, for det kan nok være noen rester av babyull som kan bli noen små luer eller sokker (jeg har bare så mye annet som skulle vært strikket først;p)
Legg inn en kommentar