plutseleg hadde eg tova calorimetryen min...

Men sånn eigentleg så gjorde ikkje det så mykje. Den var nemleg altfor stor og holete før. Så lang var den, at eg måtte knyta den i nakken! No har eg festa på ei trekule i eine enden, og den passar perfekt, er god og varm, til og med klarar den å halda på plass dei knottane eg puttar i øyrene når eg skal høyra radio frå mobilen min.

Gemma Beret er ferdig!
Garn/pinnar: om lag 55 g Silja frå SparKjøp (80% Superwash Ull, 20% nylon); brukte pinne 3,5
Mønster: Gemma Beret
Tid: (om ein reknar utanom dei 2 fyrste forsøka) ca 3 timar

Eg strikkar rundt i staden for fram og tilbake, og kutta ein mønsterrapport på denne luva, dvs eg la opp 124 masker og aukte med to masker i løpet av fyrste mønsteromgang. Eg strikkar vrangborda i 2x2 i staden for 1x1 som oppskrifta seier. Denne luva vart anten ei baggy barneluve eller ei "normal" vaksenluve.

Eit Bamboozled-panneband som har ligge lenge i ein pose har no fått seg knappar og er klar til bruk.
Eller til endå meir tid i ein pose... Kven veit. Pannebandet er strikka i BabySilk frå DSA (80% babyalpakka, 20% silke)

Førre fredag bestemte eg meg for å laga mars-pannebandet frå pannebandalongen. Men så fekk eg det ikkje til på dei to fyrste forsøka... så då gjekk eg til noko eg veit eg kan: Calorimetry

Garn/pinnar: 25g SilkTweed frå Drops, pinnar 2,5 eller 3... sånn ca.
Mønster: Calorimetry, 100 masker
Tid: ca 2 timar

Men så på laurdag prøvde eg om att att. Og sjølv om ikkje alt gjekk heilt slik det skulle kan ein i allefall skimta noko som kan minna om ugler her...

Garn/pinnar: 20g SilkeTweed frå Drops på pinne 2,5mm
Mønster: Owl-orimetry
Tid: om lag 2 timar

Ein sommar for langt og lenge sidan starta eg på ei babyjakke i BabySilk. No er den ferdig - alle trådar er festa tilogmed! Den skulle kanskje ikkje vore fullt så fargerik, men det var litt søtt og...

Garn/pinnar: ca 110g BabySilk frå DSA (80% babyalpakka, 20% silke) på 2,5 mm
Mønster: Helena
Tid: år og dag

Garn/pinnar: 60g babyull frå idena på pinne 2,5 mm
Mønster: Little Sister's Dress (minste storleiken)
Tid: 4-5 timar kanskje

Sidan eg ikkje hadde nok garn til nedste kanten og idena-garn ikkje var å oppdriva i Oslo (meg bekjent), så vart kanten grøn. Skulle gjerne hatt ein annan fargetone, men det var det eg hadde av rester i same garntypen... No skal kjolen i storleik dokke ta turen til Aline i Stavanger for å høyra om ho kan leika med den.

Desse tre hønene er nesten klare til toving. Eg må berre strikka bunnen på dei og festa føtene. Utruleg så raske dei er å strikka! Etter at mamma, mormor og farmor fekk kvar si høne til morsdagen ba mamma meg om å laga fleire. Javel. Enkelt!

Her sit dei på rekkje og rad, hyllehønene som mamma, mormor og farmor fekk til morsdagen 2009. Herlege? Mønsteret er frå Sandnes tema 11 Toving.

Dette innlegget er eit slikt som har potensiale i å læra meg å blogga litt oftare.

9 kommentarer:

Iselin sa...

Her var det møkje fint da:) Calorimetry, då vett eg ka eg ska i mårå kveld!

Anonym sa...

heia jentå mi.
gleda meg t å få adle hydlehønene him alse, di e knallsnåle og du e knallflinke.
Mams

Anonym sa...

Så mye fint du har laget! Syntes jakka ble nydelig jeg, flott farger sammen.

totliii sa...

takktakk! Ü

Anonym sa...

Ja,en Karmøybu til!!
Beklager at jeg ikke har hilst på deg tidligere, men det har vært en tid med mye opp og ned her i huset! Nå ser ting ut tilå rose seg, noe vi virkelig håper på!
Mye fint å skue hos deg, har dessverre ikke fått oppdatert bloggen min så mye i det siste, men satser på at det blir bedre i helg.
God helg!!

frøken ij sa...

Søte hyllehøner du har lagd :) Og fin jakke du har strikket, blir nok flott på en liten prinssesse :)

Marit sa...

Hei. Masse fint hos deg. Takk for du la inn kommentar på aaaaaalterduken jeg har heklet. Ja, det er i Kopervik kirke.

Anonym sa...

Oj, her er det storproduksjon! :) Masse fint du har laga, og ein tova calometry er nok ikkje det dummaste å ha på øyrene (den eg strikka vart for liten, og venter på å bli strikka om til ei hue.. må berre gjere ferdig "alt anna" først *ler*)

Anonym sa...

Du e råå go te å Spøta:D
Du får ha spøtekurs me meg å Anna eingong:D Me e nesten kjent for å spøta på skuel nåP:

-Annika (sustere te Kristina og venninna av Anna;))