Ja. Den Gemma Beret-en eg nevnte som eg kanskje skulle rekkja opp att, den bestemte eg meg for å starta på på ny, frå andre enden av garnet då eg hadde besøk av Lise og Maren, og med mindre pinnestorleik denne gongen. Som sagt så gjort. Men så kom eg litt for alt for langt før eg kom på at eg skulle jo auka ein eller annan stad inni der. Så tenkte eg at eg kunne jo sjekka korleis den vart uten auking? Men då eg var komen over halvvegs fann eg ut at det gadd eg jo ikkje, for eg ville jo gjera det ordentleg. Så starta eg frå fyrste enden att. No ser det slik ut:
I morgon fyller Signe år. Før jul då ho var innom i Oslo ein tur såg ho på Lake Park Hat som eg laga ifjor, sånn om lag på denne tida, men me fann ut at det ikkje var fargane for henne, så luva tok vegen til =Oslo (to gonger har eg sett ein mann med akkurat den luva og eit knalloransje skjerf i Oslo!). No har eg då strikka ei ny Lake Park Hat til Signe,
Garn/pinnar 35 g Silja frå SparKjøp (80% Superwash Ull, 20% Nylon) 4,0 mm,
Mønster: Lake Park Hat
Tid: 5-6 timar
og eg har laga eit kort.
I denne versjonen av Lake Park Hat oppdaga eg ei linje til med mønster for kanten, så denne luva har fått ein liten ribb etter rullekanten som den brune luva ikkje fekk. Og etter om lag 3 rapportar skjønte eg at eg ikkje skulle strikka vrangt den omgangen der eg tek inn den andre fargen. Det er berre på att-og-fram-versjonen det, men eg strikkar rundt-i-ring i staden. Så neste Lake Park Hat blir endå litt ulik.