Viser innlegg med etiketten sokkar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sokkar. Vis alle innlegg

FO: Tå-opp-sokkar






Sokkane frå tidlegare innlegg er ferdige :)
Og mykje nytta...!

Previously mentioned socks are done! And much used...

Sjokolademysterium

DSC_1104 by toneirenlund
DSC_1104, a photo by toneirenlund on Flickr.

Desse sokkane var eit mysteriemønster for mars i ei gruppe på Ravelry. Eg fann fram sjokoladebrun babyull frå lageret og kosa meg med mønsteret! No har det seg slik at eg ikkje alltid les alt like nøye. Og når eg ikkje får det til å stemma heilt, så tilpassar eg. Når eg då kjem til andre sokken så viser det seg ofte at eg berre las feil fyrste gongen. Så desse sokkane har fått ein personleg vri på seg. Men eg likar dei likevel. :)

These socks were a March mystery on a Ravelry group. The chocolate brown baby wool is yarn from my storage. As so many pairs of socks before, these also got an involuntary personal twist... I like them a lot!

Litt haustvarme...


Desse babysokkane er laga på same oppskrifta som dei i innlegget under, men her har eg byta ut Mor Aase med litt babyull-restar og eg nyttar pinnar på 2,5mm. Eg kutta og ned på antal striper. Utanom det er det nøyaktig same sokkane. Storleiken vart om lag 1 år, trur eg.

Haustvarme

Ja, sokkane kan vel gje vintervarme og dei, men det fyrste paret var dei med brunt, og då syns eg det var haustfargar, så difor har sokkane fått namnet haustvarme. Uansett må ein jo byrja å bruka ullsokkar (eller spøtalobbårr, som det heiter på Åkra) på hausten.

Sokkane er strikka i Mor Aase med grått magebelte, på pinne 3,5. Dei vart storleik 36-37. Har planer om å strikka etter same oppskrifta med andre pinnar og anna garn, og sjå kva for storleikar eg får då... Og så har eg planer om å publisera oppskrifta. Trur eg gjorde litt notater undervegs på det siste paret (det underste), så om eg berre kan finna dei, så...

Jaja, då spøter eg vidare!




Posted by Picasa

Babysett


Onsdag føremiddag la eg opp maskene til genseren, og søndag ettermiddag hadde eg festa alle trådane på heile settet. Då var eg stolt av meg sjølv då! Medan eg strikka på dette settet tok eg ikkje opp nokon andre handarbeid... Wow... Tenk at det går an å vera så effektiv då...

Pinnar/garn: 50g (+5 meter) grønn og ca 40g gul Viking BabyUll på pinnar i 3mm
Mønster: genser - Latte Baby Sweater; luve - Turn-A-Square (80 masker); sokkar - spiralsokkar
Tid: nokre dagar...

Sokkane klarte eg ikkje å få slik eg ville før på tredje forsøket då. Slik dei er no la eg opp 40 masker til brotet, og strikka seks omgangar med tre rette og to vrange. Så skifta eg til gult garn og strikka to saman på kvar av "tre-arane", og fortsette med 2x2 i tre omgangar før "vridninga". Når sokkane var om lag 14 cm gjekk eg over til glattstrikk, og felte jamt omlag 10 masker på annankvar pinne tre gonger (trur eg) og trakk tråden gjennom dei siste maskene. Det fine med spiralsokkane i så små storleikar er at ein slepp å knota med ein bitteliten hæl.

Eg er nokså nøgd med resultatet! Sjølv om settet eigentleg skulle ha vore litt større... Men litt kan det vel brukast i sommar, Synnøve? Eg har forresten ingen knappar til genseren endå, det kjem etterkvart.
Posted by Picasa

(pause)

Eg snakka med Margot på Skype igår. Ho foreslo at eg skulle ha kun to handarbeidsprosjekt om gongen. Ein liten augneblink tenkte eg at kanskje det var ein lur idè... Men så lo eg, klatra opp i skåpet mitt og fann fram garn til februarpannebandet.

No skal du få sjå alle prosjekta eg har på pinnar og nåler i skrivande stund:
Babyjakke i BabySilk frå DSA. Den ventar på at eg skal feste den fine brettekanten nede for så å strikke ein rillekant.

Ole Brumm-broderiet tek eg fram ein gong annankvart år.
Hekla klut som eg byrja på ein gong i haust. Den ventar på at eg skal finna fram ein siste farge til å ha på toppen.

Enkle tøfler som eg byrja på ein gong i november. Har berre tåa att på tøffel nr to, så det skulle jo ikkje ta så lang tid... Ikkje er det så mange trådar som må festast heller.
Gemma Beret ventar på litt meir garn. Men eg trur kanskje den er litt stor så det er mogleg eg berre rekkjer den opp att og då er det kanskje nok garn likevel... Kven veit?
Little Sister's Dress skal ha nokre omgangar til nede. Eg hadde ikkje nok garn (vent...det har skjedd før...?) så eg felte av då garnet tok slutt. Det var dumt for då rulla kanten seg opp og eg fekk ikkje hekla på den fastmaskekanten med knappehol som skal vera i halsen. Men så finn eg ikkje Bambino Ull nokon stad i Oslo... Så eg må nok ha ein kant i ein annan farge nederst. Kjolen er forresten i dukkestorleik. Eg trur kanskje Aline skal få den til ei dukke, for ho er så glad i lilla!
Og så er det dette sjalet som ventar på at eg skal bestemma meg for fargeval...
Eg fekk såvidt starta på februarpannebandet i går kveld, i Chiri Alpakka. Oppskrifta sa to nøster Silke Alpakka frå Drops, men eg hadde berre eit restenøste, og løpelengda på dette garnet er nesten dobbelt så langt som på SilkeAlpakka. Så då går det kanskje greitt med det eine nøstet eg har?
Eg er komen til hælen på begge Sequoia-sokkane.
Og her er starten på eit bestemorsrute-pledd/poncho. Dette byrja eg på i Australia, i Melbourne faktisk. Den brune fargen heiter Chocolate. Ü

Så er det store spørsmålet: Er eg den einaste her i verda som held på med så mange prosjekt samstundes? Det trur ikkje eg. Eg trur det er Margot som er unntaket.

Og no har eg jo ikkje nemnt eit par sokkar, ein calorimetry, ei barneluve, eit sjal og eit par pulsvarmerar som ligg i "ferdig-posen" og ventar på at eg skal festa dei siste trådane.

og her er noko av det eg hadde gløymt å ta bilete av til forrige innlegg

Her er byrjinga på Seqouia-sokkane frå Six-Socks-Along.


Januarpannebandet frå Pannebåndalongen:

Garn/pinnar: ca 40 g Gullgarn frå SparKjøp (50%superwash ull/50% akryl); 5,5mm
Mønster: Pannebåndalong 2009, Januar
Tid: om lag ein time

Den tidlegare omtalte blåkopien av luva som Lise fekk til jul:
Lise sin versjon er i svart og har alt ei luve treng, ifølgje ho sjolv. Om nokon skulle vera interessert i oppskrift, ta kontakt.
Garn/pinnar: ca 60 g PT Sumatra (100% maco-bomull), 4,5 og 5 mm
Mønster: fletteluve #2 (eige mønster)
Tid: 3-4 timar

Slik ser firkanttøflane ut etter toving:
og her ser du storleiksforskjellen mellom to par tøflar før og etter toving:
Det andre paret er i maskinen i skrivande stund.

Og så treng eg litt innspel. Sjalet i førre post er no litt større enn sist, og eg er ferdig med eit nøste rosa/kvit. Så er saka den, at eg har eit nøste liggande med same farge, og eit i blå/kvit. Så lurar eg på om eg skal ha eit tofarga sjal eller einsfarga? Eg kan jo bruka det blå inni der og så attende til rosa etterpå og... Ver venleg og sei di meining!

Strikkekveld og slikt

Forrige helg var eg på strikkekveld hjå Ingvild. Då strikka eg på eit par sokkar, som eg fortsette på i går kveld då Ragnhild var her på strikkekveld (og nybakte skuleboller). Etterpå var det krimkveld på fjernsynet (Criminal Minds, Numbers, House, Criminal Minds, CSI (pause), CSI: Miami), og då gjorde eg ferdig sokkane:
Garn/pinnar ca 100g Robust, pinnar 3,5 mm
Mønster Raggsokkar etter hovudet
Tid 2 kveldar

Men eg hadde god tid etter sokkane så eg byrja på ein Calorimetry til meg sjølv.

Den vart ikkje heilt ferdig, men så måtte eg jo laga to maskemarkørar innimellom og.


Eg har og laga og sendt avgarde ei luve med bytelapp til Margot, samt laga ein blåkopi av luva Lise fekk til jul.
Garn/pinnar ca 100g SilkeAlpaca, pinnar 4/4,5 mm
Mønster Ruteluve #1
Tid ca 5-6 timar