Viser innlegg med etiketten sjal. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sjal. Vis alle innlegg

WIPer og nytt garn

På måndag var det på høg tid at husmor Linda fekk sjå garnbutikken, Evas Garn og Mote. Så då reiste me dit, Cathrine, Britt, Linda og eg.

Eg skulle berre sjekka om dei hadde fått inn garnet eg venta på, eg.

Men Evas Garn skal slutta å selja Dalegarn. Så alt garn derfrå kosta 2,50€; ca 20 kroner pr nøste. Og i tillegg så var det 3 for 2. Altså 40 kr for 3 garnnøster... Det får ein ikkje tak i så ofte! Så då blei det litt babyull, litt Falk og litt Free Style.

Så no må eg skunda meg å bli ferdig med tå-opp-sokkar i Darling frå Katia, og trekantsjal i Baby Merino, så eg kan byrja på pulsvarmerar i babyull som Cathrine gav meg oppskrifta til - me skal samstrikka. :-)

The local yarnshop is gonna stop selling a yarn brand, Dalegarn of Norway, so instead of just looking for the yarn I'm waiting for, I ended up with a plastic bag filled to the rim with yarns on sale. So now I have to hurry with my WIPs in time to start a wrist warmer KAL with my co-knitter and yarn-shopper Cathrine. I'm knitting a pair of brown toe-up-socks in Katia Darling and crocheting a triangle shawl in Baby Merino Wool.

WIP: Fly-hekling/in-flight-crocheting

På tur heim til Norge heklar eg eit enkelt trekantsjal i nydeleg lilla baby merino.

On my way home to Norway I crochet a simple triangle shawl in a beautiful purple baby merino wool.

Sjal, armband, ring





Her ein dag laga eg eit enkelt trekantsjal av eit restenøste eg hadde liggande. Så var det endå litt meir rester, og det vart eit armband. Matchings!

Så fann eg fram nokre restar av BabySilk og, og lagde endå eit armband, og ein ring.

og her er noko av det eg hadde gløymt å ta bilete av til forrige innlegg

Her er byrjinga på Seqouia-sokkane frå Six-Socks-Along.


Januarpannebandet frå Pannebåndalongen:

Garn/pinnar: ca 40 g Gullgarn frå SparKjøp (50%superwash ull/50% akryl); 5,5mm
Mønster: Pannebåndalong 2009, Januar
Tid: om lag ein time

Den tidlegare omtalte blåkopien av luva som Lise fekk til jul:
Lise sin versjon er i svart og har alt ei luve treng, ifølgje ho sjolv. Om nokon skulle vera interessert i oppskrift, ta kontakt.
Garn/pinnar: ca 60 g PT Sumatra (100% maco-bomull), 4,5 og 5 mm
Mønster: fletteluve #2 (eige mønster)
Tid: 3-4 timar

Slik ser firkanttøflane ut etter toving:
og her ser du storleiksforskjellen mellom to par tøflar før og etter toving:
Det andre paret er i maskinen i skrivande stund.

Og så treng eg litt innspel. Sjalet i førre post er no litt større enn sist, og eg er ferdig med eit nøste rosa/kvit. Så er saka den, at eg har eit nøste liggande med same farge, og eit i blå/kvit. Så lurar eg på om eg skal ha eit tofarga sjal eller einsfarga? Eg kan jo bruka det blå inni der og så attende til rosa etterpå og... Ver venleg og sei di meining!

i løpet av veka

t-banen tur/retur oslo i ettermiddag. enkelt og greit luftmasker som festast med fastmasker. Viking Sportsragg, heklenål 3,5 mm
det skal bli større. :)

ny mote?



eitpar firkanttøfler før toving
garn/pinne: sparkjøp, 4mm
oppskrift: firkanttøfler (20 masker i denne versjonen)