Viser innlegg med etiketten luve. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten luve. Vis alle innlegg

Tøfler og djevelluver

Då eg fann ut at det var ein (norsk) garnbutikk i Torrevieja, kor eg skal tilbringa det neste året, vart eg glad. Og letta. ;) Kari, som var eittåring i fjor og i forfjor, tok meg med ein tur til Evas garn og mote før ho reiste attende til Noreg. Då kjøpte eg eit nøste Regia-garn og eit oppskriftshefte for sokkar. Dei seier det blir golvkaldt her på vinteren, så det er jo berre å starta på eit lager med strikka fotplagg umiddelbart. (Sjølv om temperaturen kun ein gong har vore under 20 grader etter at eg kom, og det var den dagen det regna som verst...)

Fredag tok eg med Cathrine, som er gift med kapellanen og styrer med verdsveven for oss, til garnforretninga (ho hadde vore der før altså) for å kjøpa silkeband til tøflane. Då fann eg i tillegg gule hjarteknappar som eg tykte passa godt til.


Eg vart rett nøgd! :D Likevel trur eg at eg vil vurdera strikk i holrada til neste versjon (som garantert kjem i løpet av hausten!) for silkebandet vert for stramt når ein skal tre tøflane på, eller sløyfa glir opp.

Tøflane vog litt under 30 g, så det var med andre ord ein del att av nystet mitt. Eg spedde på med eit nyste rosa lanett og sette i gong med to djevelluver. Cathrine strikkar nemleg og til Amandaprosjektet, så då vart eg inspirert til å nytta restane der. :)

Den styrste luva er i minste storleiken frå originaloppskrifta (121 masker), og skal etter sigande passa ein 6 mnd gamal baby. Eg nyttar tynnare garn og pinnar, så satsar på at dette skal vera om lag nyfødt til 3 mnd. Til den vesle luva la eg opp 73 masker og den er knøttliten, men passar truleg ein veldig prematur baby.

Den store luva skal få knyteband og, men eg har ikkje bestemt meg endå om dei skal vera rosa eller melerte...

I was happy to discover that my new city has got a (Norwegian) yarn store! First time I went there, I bought a ball of Regia yarn and a pattern booklet, and quickly cast on for these cute slippers. People tell me that winter in Spain is cold and I will need knitted socks and slippers. Better get started immediately then... ;) The slippers were finished within a short period of time, and I went back to the store with a friend, who is knitting for the Amanda-project. I got the silk band and buttons for the slippers, and a pink ball of Lanett yarn for making the devil hats for the Amanda-project. The largest one is probably 0-3 months, while the small one is just...really small.

Amandaprosjektet

DSC_1092 by toneirenlund
DSC_1092, a photo by toneirenlund on Flickr.
Dei siste vekene har eg grave i babyullposen min og fått brukt opp ein del restar og halve nøster.

Amandaprosjektet samlar inn heimelaga produkt til nyfødtavdelinga på Riksen. Når premature born kjem til verda treng dei ofte litt ekstra varme - i form av luver, sokkar, pledd og anna.

Eg har mellom anna strikka seks djevelluver (grusomt namn, men herlege luver...) i ulike storleikar. Den minste er så knøttliten at det er vanskeleg å tru at eit babyhovud kan få plass inni der...
The last few weeks, I've been digging in my plastic bag of baby wool, and spent a lot of left overs and half balls.
The Amanda project collects homemade products for the new born ward at the "Rikshospitalet" in Oslo. When premature babies arrive, they often need a little extra supply of warmth - in the form of hats, socks, blankets and other.
Among other things I've knitted six "Devil hats" (aweful name, but gorgeous hats...) in different sizes. The smallest on is so tiny it's hard to believe a baby's head might fit inside...

Babysett


Onsdag føremiddag la eg opp maskene til genseren, og søndag ettermiddag hadde eg festa alle trådane på heile settet. Då var eg stolt av meg sjølv då! Medan eg strikka på dette settet tok eg ikkje opp nokon andre handarbeid... Wow... Tenk at det går an å vera så effektiv då...

Pinnar/garn: 50g (+5 meter) grønn og ca 40g gul Viking BabyUll på pinnar i 3mm
Mønster: genser - Latte Baby Sweater; luve - Turn-A-Square (80 masker); sokkar - spiralsokkar
Tid: nokre dagar...

Sokkane klarte eg ikkje å få slik eg ville før på tredje forsøket då. Slik dei er no la eg opp 40 masker til brotet, og strikka seks omgangar med tre rette og to vrange. Så skifta eg til gult garn og strikka to saman på kvar av "tre-arane", og fortsette med 2x2 i tre omgangar før "vridninga". Når sokkane var om lag 14 cm gjekk eg over til glattstrikk, og felte jamt omlag 10 masker på annankvar pinne tre gonger (trur eg) og trakk tråden gjennom dei siste maskene. Det fine med spiralsokkane i så små storleikar er at ein slepp å knota med ein bitteliten hæl.

Eg er nokså nøgd med resultatet! Sjølv om settet eigentleg skulle ha vore litt større... Men litt kan det vel brukast i sommar, Synnøve? Eg har forresten ingen knappar til genseren endå, det kjem etterkvart.
Posted by Picasa

plutseleg hadde eg tova calorimetryen min...

Men sånn eigentleg så gjorde ikkje det så mykje. Den var nemleg altfor stor og holete før. Så lang var den, at eg måtte knyta den i nakken! No har eg festa på ei trekule i eine enden, og den passar perfekt, er god og varm, til og med klarar den å halda på plass dei knottane eg puttar i øyrene når eg skal høyra radio frå mobilen min.

Gemma Beret er ferdig!
Garn/pinnar: om lag 55 g Silja frå SparKjøp (80% Superwash Ull, 20% nylon); brukte pinne 3,5
Mønster: Gemma Beret
Tid: (om ein reknar utanom dei 2 fyrste forsøka) ca 3 timar

Eg strikkar rundt i staden for fram og tilbake, og kutta ein mønsterrapport på denne luva, dvs eg la opp 124 masker og aukte med to masker i løpet av fyrste mønsteromgang. Eg strikkar vrangborda i 2x2 i staden for 1x1 som oppskrifta seier. Denne luva vart anten ei baggy barneluve eller ei "normal" vaksenluve.

Eit Bamboozled-panneband som har ligge lenge i ein pose har no fått seg knappar og er klar til bruk.
Eller til endå meir tid i ein pose... Kven veit. Pannebandet er strikka i BabySilk frå DSA (80% babyalpakka, 20% silke)

Førre fredag bestemte eg meg for å laga mars-pannebandet frå pannebandalongen. Men så fekk eg det ikkje til på dei to fyrste forsøka... så då gjekk eg til noko eg veit eg kan: Calorimetry

Garn/pinnar: 25g SilkTweed frå Drops, pinnar 2,5 eller 3... sånn ca.
Mønster: Calorimetry, 100 masker
Tid: ca 2 timar

Men så på laurdag prøvde eg om att att. Og sjølv om ikkje alt gjekk heilt slik det skulle kan ein i allefall skimta noko som kan minna om ugler her...

Garn/pinnar: 20g SilkeTweed frå Drops på pinne 2,5mm
Mønster: Owl-orimetry
Tid: om lag 2 timar

Ein sommar for langt og lenge sidan starta eg på ei babyjakke i BabySilk. No er den ferdig - alle trådar er festa tilogmed! Den skulle kanskje ikkje vore fullt så fargerik, men det var litt søtt og...

Garn/pinnar: ca 110g BabySilk frå DSA (80% babyalpakka, 20% silke) på 2,5 mm
Mønster: Helena
Tid: år og dag

Garn/pinnar: 60g babyull frå idena på pinne 2,5 mm
Mønster: Little Sister's Dress (minste storleiken)
Tid: 4-5 timar kanskje

Sidan eg ikkje hadde nok garn til nedste kanten og idena-garn ikkje var å oppdriva i Oslo (meg bekjent), så vart kanten grøn. Skulle gjerne hatt ein annan fargetone, men det var det eg hadde av rester i same garntypen... No skal kjolen i storleik dokke ta turen til Aline i Stavanger for å høyra om ho kan leika med den.

Desse tre hønene er nesten klare til toving. Eg må berre strikka bunnen på dei og festa føtene. Utruleg så raske dei er å strikka! Etter at mamma, mormor og farmor fekk kvar si høne til morsdagen ba mamma meg om å laga fleire. Javel. Enkelt!

Her sit dei på rekkje og rad, hyllehønene som mamma, mormor og farmor fekk til morsdagen 2009. Herlege? Mønsteret er frå Sandnes tema 11 Toving.

Dette innlegget er eit slikt som har potensiale i å læra meg å blogga litt oftare.

Gemma Beret

Ja. Den Gemma Beret-en eg nevnte som eg kanskje skulle rekkja opp att, den bestemte eg meg for å starta på på ny, frå andre enden av garnet då eg hadde besøk av Lise og Maren, og med mindre pinnestorleik denne gongen. Som sagt så gjort. Men så kom eg litt for alt for langt før eg kom på at eg skulle jo auka ein eller annan stad inni der. Så tenkte eg at eg kunne jo sjekka korleis den vart uten auking? Men då eg var komen over halvvegs fann eg ut at det gadd eg jo ikkje, for eg ville jo gjera det ordentleg. Så starta eg frå fyrste enden att. No ser det slik ut:Midtstill
I morgon fyller Signe år. Før jul då ho var innom i Oslo ein tur såg ho på Lake Park Hat som eg laga ifjor, sånn om lag på denne tida, men me fann ut at det ikkje var fargane for henne, så luva tok vegen til =Oslo (to gonger har eg sett ein mann med akkurat den luva og eit knalloransje skjerf i Oslo!). No har eg då strikka ei ny Lake Park Hat til Signe,

Garn/pinnar 35 g Silja frå SparKjøp (80% Superwash Ull, 20% Nylon) 4,0 mm,
Mønster: Lake Park Hat
Tid: 5-6 timar

og eg har laga eit kort.



I denne versjonen av Lake Park Hat oppdaga eg ei linje til med mønster for kanten, så denne luva har fått ein liten ribb etter rullekanten som den brune luva ikkje fekk. Og etter om lag 3 rapportar skjønte eg at eg ikkje skulle strikka vrangt den omgangen der eg tek inn den andre fargen. Det er berre på att-og-fram-versjonen det, men eg strikkar rundt-i-ring i staden. Så neste Lake Park Hat blir endå litt ulik.

(pause)

Eg snakka med Margot på Skype igår. Ho foreslo at eg skulle ha kun to handarbeidsprosjekt om gongen. Ein liten augneblink tenkte eg at kanskje det var ein lur idè... Men så lo eg, klatra opp i skåpet mitt og fann fram garn til februarpannebandet.

No skal du få sjå alle prosjekta eg har på pinnar og nåler i skrivande stund:
Babyjakke i BabySilk frå DSA. Den ventar på at eg skal feste den fine brettekanten nede for så å strikke ein rillekant.

Ole Brumm-broderiet tek eg fram ein gong annankvart år.
Hekla klut som eg byrja på ein gong i haust. Den ventar på at eg skal finna fram ein siste farge til å ha på toppen.

Enkle tøfler som eg byrja på ein gong i november. Har berre tåa att på tøffel nr to, så det skulle jo ikkje ta så lang tid... Ikkje er det så mange trådar som må festast heller.
Gemma Beret ventar på litt meir garn. Men eg trur kanskje den er litt stor så det er mogleg eg berre rekkjer den opp att og då er det kanskje nok garn likevel... Kven veit?
Little Sister's Dress skal ha nokre omgangar til nede. Eg hadde ikkje nok garn (vent...det har skjedd før...?) så eg felte av då garnet tok slutt. Det var dumt for då rulla kanten seg opp og eg fekk ikkje hekla på den fastmaskekanten med knappehol som skal vera i halsen. Men så finn eg ikkje Bambino Ull nokon stad i Oslo... Så eg må nok ha ein kant i ein annan farge nederst. Kjolen er forresten i dukkestorleik. Eg trur kanskje Aline skal få den til ei dukke, for ho er så glad i lilla!
Og så er det dette sjalet som ventar på at eg skal bestemma meg for fargeval...
Eg fekk såvidt starta på februarpannebandet i går kveld, i Chiri Alpakka. Oppskrifta sa to nøster Silke Alpakka frå Drops, men eg hadde berre eit restenøste, og løpelengda på dette garnet er nesten dobbelt så langt som på SilkeAlpakka. Så då går det kanskje greitt med det eine nøstet eg har?
Eg er komen til hælen på begge Sequoia-sokkane.
Og her er starten på eit bestemorsrute-pledd/poncho. Dette byrja eg på i Australia, i Melbourne faktisk. Den brune fargen heiter Chocolate. Ü

Så er det store spørsmålet: Er eg den einaste her i verda som held på med så mange prosjekt samstundes? Det trur ikkje eg. Eg trur det er Margot som er unntaket.

Og no har eg jo ikkje nemnt eit par sokkar, ein calorimetry, ei barneluve, eit sjal og eit par pulsvarmerar som ligg i "ferdig-posen" og ventar på at eg skal festa dei siste trådane.

og her er noko av det eg hadde gløymt å ta bilete av til forrige innlegg

Her er byrjinga på Seqouia-sokkane frå Six-Socks-Along.


Januarpannebandet frå Pannebåndalongen:

Garn/pinnar: ca 40 g Gullgarn frå SparKjøp (50%superwash ull/50% akryl); 5,5mm
Mønster: Pannebåndalong 2009, Januar
Tid: om lag ein time

Den tidlegare omtalte blåkopien av luva som Lise fekk til jul:
Lise sin versjon er i svart og har alt ei luve treng, ifølgje ho sjolv. Om nokon skulle vera interessert i oppskrift, ta kontakt.
Garn/pinnar: ca 60 g PT Sumatra (100% maco-bomull), 4,5 og 5 mm
Mønster: fletteluve #2 (eige mønster)
Tid: 3-4 timar

Slik ser firkanttøflane ut etter toving:
og her ser du storleiksforskjellen mellom to par tøflar før og etter toving:
Det andre paret er i maskinen i skrivande stund.

Og så treng eg litt innspel. Sjalet i førre post er no litt større enn sist, og eg er ferdig med eit nøste rosa/kvit. Så er saka den, at eg har eit nøste liggande med same farge, og eit i blå/kvit. Så lurar eg på om eg skal ha eit tofarga sjal eller einsfarga? Eg kan jo bruka det blå inni der og så attende til rosa etterpå og... Ver venleg og sei di meining!

Strikkekveld og slikt

Forrige helg var eg på strikkekveld hjå Ingvild. Då strikka eg på eit par sokkar, som eg fortsette på i går kveld då Ragnhild var her på strikkekveld (og nybakte skuleboller). Etterpå var det krimkveld på fjernsynet (Criminal Minds, Numbers, House, Criminal Minds, CSI (pause), CSI: Miami), og då gjorde eg ferdig sokkane:
Garn/pinnar ca 100g Robust, pinnar 3,5 mm
Mønster Raggsokkar etter hovudet
Tid 2 kveldar

Men eg hadde god tid etter sokkane så eg byrja på ein Calorimetry til meg sjølv.

Den vart ikkje heilt ferdig, men så måtte eg jo laga to maskemarkørar innimellom og.


Eg har og laga og sendt avgarde ei luve med bytelapp til Margot, samt laga ein blåkopi av luva Lise fekk til jul.
Garn/pinnar ca 100g SilkeAlpaca, pinnar 4/4,5 mm
Mønster Ruteluve #1
Tid ca 5-6 timar

Hemmeleg ven og novemberluve

Idag fekk eg pakke frå min november-hemmelege-ven på Hobbyforum, Bjørg Hilde! Tusen takk!
Pakken innehaldt to nøster herleg mohair-garn (Sandnes Soft Mohair; det raude, og Idena Mohair Lux; det grøne) ein pakke med brunmønstrete treperler (gler meg til dei skal verta noko finfint noko!) og to slags fine pynteting som eg ikkje har så greie på...
Er dette hardangerbroderi?

Men kva for slags teknikk dette er har eg ingen aning om... Fint er det iallefall!

Novemberluva i "Luer for huer 2008"!

Mønster Star Crossed Slouchy Beret
Garn/pinner
ca 80 g Sandnesgarn Kitten Mohair, dobbelt garn på pinne 6mm
Tid
ei helg

Alt dette er ting som er ferdige. Utanom å festa trådane. Det er det mest keisame med strikking og hekling, det er så mange trådar å festa!
(No veit du kvifor eg aldri kjem nokon veg med broderia mine...)

Svensken ynskte seg ei luve

Så ho tok turen til næraste Europris og kjøpte to nøster grønt og eit nøste svart garn av typen Artic (trur eg...). Plutseleg, i løpet av to kveldar hadde svensken fått seg ei grøn og svart baggy luve basert meget laust på Turn-A-Square (som alle luvene mine strikka på frihand no om dagen...) med grøne hekla blomar på.

Svensken (Mia) med ny luve.

To små hekla blomar på luva. Eg lagde ein større ein og, dobbel, men den vart så veldig stor. Så den festa eg berre med ei sikkerhetsnål. Så kan den pynta jakka til å stå i stil med luva heller enn å dominera heile luva... Eg hekla ein omgang med fastmasker langs kanten heilt til slutt.

Garn/pinnar 120 g Artic frå Europris, pinnar str 6 og 7 mm
Mønster delvis improvisert, basert på Turn-A-Square av Jared Flood. Begynte med ca 70 masker, aukte litt her og der...
Tid to kveldar



Cow mooing in fear

Her er mitt fyrste panneband i Pannebånd-alongen:

Garn/pinnar 30 g merinoull, pinne 3,5 mm
Mønster Pannebånd med stjernemasker
Tid ?

Luvealongen i oktober innehaldt to barneluver. Eg strikka Lil' Devil Baby Hat. Men eg lagde den utan djevlehorn. Det vart minst like fint!
Garn/pinnar ca 35 g Babyull frå Dalegarn, dobbelt garn, pinnar 4,5 mm
Mønster Lil' Devil Baby Hat
Tid To kveldar