FO

For eksempel har den posen med alle dei ferdige tinga i blitt så full at eg var nødt til å festa nokre trådar. Og etterpå vart bilete tekne av nokre klutar.
Dette er sånn skuggeleik. Kluten er frå ein DishCloth KAL, mars 2008.

Og så ein heilt vanleg Ballband DishCloth,

og så endå ein, ikkje fullt så vanleg, men nesten.

Dette er noko heklegreier eg fann ei oppskrift på heime ein gong. Eg er nok ikkje heilt sikker på kva eg skal bruka dette til... Så førebels ligg denne greia berre her.

Alle klutane er laga av diverse restebomullsgarn på relativt kort tid.

Desse pulsvarmerane i Kitten Mohair frå Sandnesgarn heftet "tema 11, toving", er ikkje tova, og skal ikkje verta det heller, men dei er ganske fine. Eg lagde dei ifjor vår ein gong, og no er trådane festa. Så där!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så flinke du e Tone Iren! Blir alltid imponerte øve spøtene dine :)

Eg e snart ferige me jakkå nas Aline - KRY!!!
Kan kje du komma te Stavanger på spøtekvell snart? Eg å Margot vente på deg.

totliii sa...

ååå...ja... d må eg jo mesten!!
blir sikkert så superfine den jakkå!!

åsse må du laga deg ein blogg. :)