Så ho tok turen til næraste Europris og kjøpte to nøster grønt og eit nøste svart garn av typen Artic (trur eg...). Plutseleg, i løpet av to kveldar hadde svensken fått seg ei grøn og svart baggy luve basert meget laust på
Turn-A-Square (som alle luvene mine strikka på frihand no om dagen...) med grøne hekla blomar på.
Svensken (Mia) med ny luve.
To små hekla blomar på luva. Eg lagde ein større ein og, dobbel, men den vart så veldig stor. Så den festa eg berre med ei sikkerhetsnål. Så kan den pynta jakka til å stå i stil med luva heller enn å dominera heile luva... Eg hekla ein omgang med fastmasker langs kanten heilt til slutt.
Garn/pinnar 120 g Artic frå Europris, pinnar str 6 og 7 mm
Mønster delvis improvisert, basert på Turn-A-Square av Jared Flood. Begynte med ca 70 masker, aukte litt her og der...
Tid to kveldar